Byen vår Florø er ein foreining som skal jobbe med opplevingar, samhandling og formidling av arrangement i Florø og Flora kommune. Florø er ein oversiktleg og intim by som består av eit mylder av ulike aktørar innan handel, oppleving og servicenæringar. Innan korte geografiske avstandar kan ein nå dei aller fleste butikkar og aktørar. Florø sentrum ligg i flotte omgivelser der byen, skjergarden og fjella like ved inviterer til aktivitet.

Foreininga sin visjon er at Florø skal vere ein attraktiv og opplevingsrik by for bebuarar, tilreisande og turistar heile året! Dette skal vi klare med å mellom anna tilby små, men viktige opplevingar i byen. Vi vil samarbeide med lag og foreiningar i Florø, der dei ofte utfører sjølve aktiviteten og opplevinga. Vi vil vere med å skape aktivitet, så ta gjerne kontakt med oss om du har forslag!

Byen vår Florø vil også jobbe med samhandling og utvikling i handel og servicebransjen. Det skal ein klare gjennom å legge til rette for kurs og kompetanseheving, god informasjonsflyt mellom aktørane og felles arbeid for aktivitet og nyetablering.

Portalen www.florø.no blir vår viktigaste marknadskanal der vi håpar du som brukar finn fram til alt som skjer i byen. Her vil du finne informasjon om mellom anna butikkar, konsertar, parkering og overnatting.

Bruk byen vår dag og natt!