JULEMARKNAD  i  FLORØ  –  Jul  i  Byen

JULEMARKNAD i FLORØ
7. – 9. desember og 15-16. desember

JULE-OPPLEVING for ALLE!
Julemarknaden i Florø er ei oppleving for heile familien – og for alle sansane! Alle skal finne noko dei gler seg over; underhaldning, mat, drikke, julegåver, song og musikk! Sjå programmet under her:-)

På julemarknaden i Torggata vil du finne koselege juleboder med mat og drikke frå lokale produsentar, og flotte handverksprodukt i mange sjangarar som passar under juletreet:-) I julebodene vil du finne: Florø Bakeri med sju sortar julebakst, sylteflesk, heimelaga leverpostei, mandel-konkurranse og meir til. Bente`s «Heimelaga Flid» er ein bod der sju! damer går saman om å selje skikkeleg heimelaga kvalitetsstrikk; luer, vottar, gensere til barn, flotte heimelaga vesker med meir. Fjord Gardsmat med julepølser, fårerull og andre godsaker. Reksta Villsau med villsaupølse – og rumpe- og musevarmarar! Reksta Honning med herleg heimelaga lokalprodusert honning. Abbel Tradisjonsmat med pølser og honningmarinert juleskinke – namnam! Jacqueline Mannaart med handlaga julepynt og barneleikar av tremateriale. Alt er skjært ut for hand, teikna og handmalt med acrylmaling og lakka med vannbasert lakk. Inspirasjon av frå lokalmiljøet (båtar, fiske, hjort og sau). Anne-Grethe Brandsøy med velvære-produkt. In-Spire med freistingar for ganen. Mor Villrose med m.a rosegelé av villnyperoser og løvetanngele med ingefær og chili – samt hylleblomstgelé  og Aroniagelé, hylleblomstsaft og rosesaft samt litt julebakst og julenøtteknask. Også eit par typar ramslaukprodukt (m.a ramslaukpesto). Vaffleriet med varme minipannekaker og andre godsaker.

Alle dagane vil det også vere juleinnslag på marknaden som set deg i julestemning. Sjå her:

Opningstider i Torggata:

Fredag 7. desember kl 17.00-20.00
Laurdag 8. desember kl 11.30-17.00
Søndag 9. desember kl 12.30 – 18.00 (alle butikkar er søndagsopne kl 14-18)
Laurdag 15. desember kl 11.30-17.00
Søndag 16. desember kl 12.30 – 18.00 (alle butikkar er søndagsopne kl 14-18)

Vi gler oss stort til dette :-)

Kontakt oss for info: Barbro Furset, 91399021, Byen Vår Florø, eller Per Ø Helle, 40402905, post@byenfloro.no

Start:

7. desember 2018 17:00

Slutt:

16. desember 2018 18:00

Billettar

Gratis

Arrangementet er gratis

Stad

Adresse:

Torggata Florø

GPS:

61.599793785269, 5.034643871164