Avlyst  –  Våt  Moro  2020

9.–12. juli byr havsportfestivalen Våt Moro på våte opplevingar, ekstrem glede, adrenalinrush og spektakulære opplevingar både i, over og under havoverflata i skjergarden rundt Florø.

Senter for alle aktivitetar er Florø sentrum og Florevika. Aktivitetane du kan vere med på er mange; wakeboard, tube, kajakk, SUP, havrafting, segling, flyboard, fotturar, vasscootertur og mykje meir!

I byparken inviterar vi dei aller minste til eit stort gratisarrangement med mykje leik, latter og våte aktivitetar saman med Krokofant-maskoten vår.

På kveldstid er det duka for morosamheiter og god stemning med AfterSea i festivalteltet der vi byr på føredrag, quiz, band og DJ Ronny Brede Aase, som skapar den perfekte avslutninga på ein dag i det våte element!

Start:

9. juli 2020 19:00

Slutt:

12. juli 2020 02:00

Billettar

Gratis

Arrangementet er gratis

Stad

Adresse:

Torget, Florø

GPS:

61.600809352136, 5.0345361605287