Hils på Maria – nykommer i Florø

Hils på Maria – nykommer i Florø

Er det noko vi elskar i Florø, så er det folk som flyttar hit. Det nyaste tilskotet på den lista er Maria Platou (27) frå Hamar. Maria har fått permisjon frå jobben sin i Bergen for å teste ut livet i Florø. Med piknikkurven pakka full i godsaker frå Lille Marked og Harmonia og ein liten velkommen til Florø-bukett frå Rognaldsen, har vi tatt med oss Maria ein tur på Sørstrand for å bli litt betre kjend med ho:

Kvifor Florø, Maria? 

– Nei, det er no denne kjærleiken då. Kjærasten min Eirik er frå Florø. Vi har vore i eit avstandsforhold i to år, og no var det på tide at vi fekk teste ut å vere sambuarar. Så då søkte eg om permisjon frå jobben i Bergen for å kjenne litt på livet i Florø. Når ein har avstandsforhold så blir det litt sånn cupfinalestemning og 100% kos heile tida, medan ein no får kjenne meir på ein kvardag saman. Det er trass alt kvardagane det er flest av, smiler ho.

Maria jobber til dagleg som sjukepleiar på barne- og ungdomsklinikken på Haukeland Universitetssjukehus i Bergen, men her i Florø har ho fått seg jobb på ein av sjukeheimane: 

– Å gå frå sjukehus til kommunehelseteneste er jo sjølvsagt ein overgang, men eg syns det er veldig fint å jobbe på sjukeheim, fordi du jobbar der folk bur og du får ta del i deira kvardag og deira vaner. Ekstra kjekt er det når dei eldre damene kjem bort til meg, stryk meg på kinnet og bryt ut: “åå, er det austlendingen vår?”, smiler ho. 

Sjølv om Maria har vore mykje i Florø tidlegare, er det både spennande og krevjande å flytte til ein ny by: 

– Det kan vere vanskeleg å få venner i vaksen alder. Det ligg liksom ikkje til rette for å bli kjent med nye menneske på same måte som det gjer når ein er student, der ein har studiegrupper eller andre samlingspunkt. For å bli kjend med nye folk må ein stå på sjølv og være litt klegg, og då kan ein kan jo fort kjenne at ein trenger seg på folk. Men eg har blitt teken så godt i mot av både kollegaer og vennane til Eirik, forklarar ho og legg til:

– I Florø kjenner alle kvarandre og etter at eg flytta hit legg eg godt merke til at det er stor dugnadsånd og felleskap i Florø. Det er jo folka her som gjer Florø til den levande byen det er. Folk brenn nok litt meir for byen sin når dei kjem frå ein liten plass, og det syns eg er skikkeleg fint. 

Når vi ber Maria beskrive sin draumedag i Florø, så er svaret klart: dagen må helst innehalde både sjø, fjell og noko godt i glaset: 

– Dagen må i alle fall starte med eit bad i havet, utan tvil! Eg er også veldig begeistra for Sørstrand. Florøværingane er heldige som har eit så fint naturområde, så kort veg frå sentrum. Eirik og eg er glade i å gå i fjellet, så det blir nok fort ein fjelltopp også. Kanskje vi har med oss noko god mat frå Aroma Cafe eller Sjøkanten i sekken og så tek vi det litt som det kjem. Dersom eg i tillegg får avslutta dagen på Vesle Kinn med ei smaksfjøl på bordet og gode vener rundt meg, så er dagen perfekt, fortel ho engasjert. 

– Ja, og noko som er ekstra deilig er at vi berre kan setje oss på ein båt og dra akkurat dit vi har lyst. Vi er jo omringa av hav på alle kanter. Eg er innlandsjente frå Hamar, så dette er heilt magisk for ei badenymfe som meg. Om eg endar opp med å flytte hit permanent, så er iallefall ein ting heilt sikkert: eg må bu ved sjøen, avsluttar ho.