Handel, tenester og næring
Florø er Norges vestlegaste by, og ein særs triveleg ein! I byen finn du mellom anna eit stort kjøpesenter og ikkje minst den trivelege bygata vår, Strandgata, som byr på ustressa handel og opplevingar.
Florøværingane har alltid vore full av pågangsmot og kreativitet, og har stor sjølstendig gjennomføringskraft. Næringslivet i Florø er framtidsretta og variert, og vi har evna til rask endring, nyvinning og tilpassing.
Etablere bedrift i Florø
Aksello er Kinn kommune sitt næringsselskap. Kontakt gjerne dagleg leiar Linn Therese Nekkøy om du er interessert i informasjon om korleis du kan etablere bedrift, næringstomter eller anna næringsareal. Informasjon finn du på aksello.no
Flora Industri- og Næringsforening
I Flora Industri og Næringsforening (FIN) finn du dei fleste små og store bedriftene i Florø. FIN arbeider for industriutvikling, næringsutvikling og innovasjon i kommunen. FIN skal vere ein møtestad for utveksling av erfaringar og nye idear. Ta kontakt med leiar Bjørn Hollevik om du ønskjer meir informasjon om korleis det er å drive bedrift i Florø og Kinn.
På nettsida florain.no finn du ei oversikt over mange bedrifter i Florø.