Engen Treningssenter er ein ekte veteran i treningsmiljøet i Florø. Senteret blei grunnlagt heilt tilbake i 1982, og har vore ein viktig treningsplass for byen i over 40 år. Sidan starten har senteret gått gjennom fleire generasjonar med eigarar og utvikling. I 2018 kom ny eigar inn, og året etter vart heile senteret totalrenovert og nyopna i moderne drakt.

I dag er Engen eit topp moderne treningssenter med 24/7-tilgang, solid styrke og kondisjonsutstyr, og eit miljø som er opent for alle. Her får du trene på dine premiss, med moglegheit for oppfølging frå personleg trenar og behandling gjennom Flora Naprapatklinikk under same tak.
Senteret ligg midt i Hamnegata 6. Som gjer det lett å stikke innom, uansett om du trenar før jobb, i lunsjen eller seint på kvelden.
Vil du bli medlem? Du kan melde deg inn online via denne lenka og få tilgang med ein gong her
Følg gjerne Engen Treningssenter i sosiale medium:
📸 Instagram: @engen_engentreningssenter
👥 Facebook: Engen Treningssenter
Velkomen til Engen Treningssenter! 💪
