Fjord1 er Byen vår Florø sitt nye medlem!

Fjord1 er Byen vår Florø sitt nye medlem!

Vi er glade for å ønskje Fjord1 velkomen som medlem i Byen vår Florø.

Fjord1 har gjennom mange år vore ein viktig aktør langs kysten og spelar ei sentral rolle for både innbyggjarar, næringsliv og besøkande i regionen vår. Vi set stor pris på at dei ønskjer å vere med og støtte arbeidet vårt for eit levande, attraktivt og inkluderande Florø.

Laila Schønhardt frå Byen vår Florø saman med Heidi Skorpen og Hilde Anita Røyrvik i Fjord1

Saman med våre medlemmar arbeider vi for å skape aktivitet, møteplassar og gode opplevingar for både innbyggjarar og tilreisande. At Fjord1 vel å bli med på laget, styrkjer dette arbeidet og viser eit viktig engasjement for lokalsamfunnet.

Vi ser fram til samarbeidet og ønskjer Fjord1 hjarteleg velkomen til Byen vår Florø!