Historiske dagar i Florø 4.-8.mars

Historiske dagar i Florø 4.-8.mars

Byen Vår Florø inviterer til Historiske Dagar i Florø i perioden 4.–8. mars. Dette er eit nytt arrangement som set søkelys på historia, fellesskapen og identiteten til Florø, gjennom fem dagar med føredrag, vandringar, film, guiding og kulturformidling.

Arrangementet er utvikla i samarbeid med ei rekkje lokale lag og aktørar, mellom anna Florø Krigshistorielag, Flora Historielag, Florø Pensjonistlag/Havglytt, Jotunet, Kystmuseet, Vesle Kinn, U40 og Flora Turlag. Saman har vi sett saman eit variert og innhaldsrikt program frå onsdag til søndag, med tilbod for både unge og eldre.

Vi har heile 20 arrangement på programmet og det er noko for einkvar smak. Sjå programmet på nettsida vår her