Jotunet er Byen vår Florø sitt nye medlem!

Jotunet er Byen vår Florø sitt nye medlem!

Som lag/organisasjon kan du også bli medlem i Byen vår Florø. Jotunet ser arbeidet vårt som særs viktig for byen og har difor valgt å melde seg inn. Dette set vi stor pris på!

Jotunet i Florø var heimen og atelieret til Bjørn Hegranes. Her budde han og kona Svanhild Hegranes frå midten av 1950-talet.

Atelieret var ein kreativ verkstad for Hegranes, og både heimen og atelieret står slik det var då dei budde der. Begge var ivrige hageentusiastar, og Jotunet hadde ein flott opparbeidd hage som bidrog til den insirerande atmosfæren rundt det kunstnariske virket hans.

Bjørn og Svanhild Hegranes testamenterte Jotunet og kunstsamlinga til Kystmuseet i Sogn og Fjordane i 2007, og vart overteken i 2011 etter Hegranes sin bortgang. No er Jotunet tilbake på Florøhender gjennom foreininga Jotunet Florø.

Styret i Jotunet. Foto: AtilÅ Grafisk design

I sommar blir det ope på Jotunet og vi vil verkeleg anbefale deg å ta turen innom!