Vi er stolte over å kunne dele at Linnea har takka ja til ei trainee-stilling. Dette er ei flott moglegheit for både fagleg og personleg utvikling, og vi gratulerer henne med denne spennande utfordringa.

Samtidig er vi svært glade for å kunne fortelje at Linnea held fram i Byen vår Florø. Ho vil framleis vere ein viktig del av arbeidet vårt og bidra til å utvikle aktivitetar, arrangement og samarbeid som skaper liv og trivsel i Florø.
Det siste året har Byen vår Florø hatt stor aktivitet, med arrangement som Historiske dagar, Barnas dag, Kulturnatt, Hagedagen, Pride og fleire nye satsingar. Linnea har vore ein viktig pådrivar i dette arbeidet, og vi ser fram til å halde fram utviklinga saman med henne.
Vi ser på trainee-stillinga som ein styrke, ikkje berre for Linnea, men også for Byen vår Florø. Gjennom nye erfaringar, kunnskap og nettverk vil ho kunne ta med seg verdifull kompetanse tilbake til organisasjonen, noko som kjem både medlemmane våre og lokalsamfunnet til gode.
Byen vår Florø er svært glade for at Linnea ønskjer å halde fram hos oss, og vi ser fram til eit spennande år med mange nye prosjekt og arrangement.
Vi gratulerer Linnea med den nye moglegheita og ønskjer henne lukke til, vi er glade for at ho framleis er med på laget!
