Møt dei nye ansikta hos Byen Vår Florø

Møt dei nye ansikta hos Byen Vår Florø

Laila Anita Schønhardt

Dagleg leiar

Eg, Laila,  har sidan 2012 jobba på turistinformasjonen her i Florø. Dei første åra der var det Byen Vår Florø som drifta turistinformasjonen mens det no er Visit Fjordkysten og Sunnfjord som er dei som driftar den. Innimellom har eg også jobba i barnehagane i området. Frå 2022 – 2024 var eg saman med min sambuar Astor på seglas i Middelhavet med eigen båt. Vi kom heimatt til Florø i september 2024 og fortsatte då å bu i båten i gjestebrygga. Eg er romsdaling men eg har budd i Florø i snart 30 år, så eg har budd her mesteparten av livet mitt. Eg har heile tida vore aktiv i lag og organisasjonar i Florø, deriblant segling, kor, invandrerorganisasjonen NOSFO, Røde Kors (språkkafe, turar m.m.) og Flora Turlag. Astor og eg er vertsfamilie for tre jenter som går på den internasjonale skulen United World College i Fjaler. I år er dei frå Namibia, Lagos og Tibet/India. Eg er admin i facebookgruppa «Hva skjer i Florø» så eg har ganske god kontroll på kva som skjer i byen. No skal eg gjere ein innsats i Byen Vår Florø og gler meg til det. Min kollega og eg er allereie godt i gang med god hjelp av Cecilie, Barbro og styret i Byen Vår Florø. Eg håper vi blir godt mottatt når vi kjem på døra di!

Linnea Høyvik

Digital marknadsførar

Mitt namn er Linnea Høyvik, og eg har hatt gleda av å vekse opp i Florø. Etter eit år på folkehøgskule i Ålesund flytta eg til Bergen, der eg har budd dei siste fem åra og fullførte bachelor i digital marknadsføring og salgsleiing denne sommaren. Under bachelorstudia jobba eg som vekter, noko som gav meg verdifull erfaring med ansvar, samarbeid og det å handtere utfordringar. No studerar eg psykologi i Bergen fram til sommaren for å få ei djupare forståing av oss menneske, og kvifor vi tek dei vala vi gjer. Eg bur framleis i Bergen, men pendlar mellom Bergen og Florø, med mål om å vende heim for godt til sommaren. Eg brenn for å bidra positivt til lokalsamfunnet og håpar å inspirere fleire, spesielt dei yngre, til å engasjere seg og sjå moglegheitene i Florø. Gjennom utdanninga mi har eg lært kor viktig kommunikasjon, kreativitet og struktur er, og eg ønskjer å ta med desse erfaringane heim for å bidra til utviklinga av byen vår. Eg er motivert, engasjert og ser fram til å vere ein pådrivar for lokalsamfunnet og dei som kjem etter meg.