Net Partner er ein lokal leverandør av tele- og datatenester med brei kompetanse innan IT og elektronikk. Dei hjelper både privatpersonar og bedrifter med alt frå mobiltelefonar, PC-ar og programvare til nettverksløysingar, skytjenester og datalagring.
Med god fagkunnskap og fokus på service ønskjer Net Partner å finne løysingar som passar behova til kvar enkelt kunde. Målet er at kundane skal få teknologien og oppfølginga dei treng, slik at dei kan konsentrere seg om det dei sjølve er best på.
Vi i Byen vår Florø er glade for å få Net Partner med på laget. Lokale bedrifter er viktige for eit levande næringsliv, og kvar nye medlemsbedrift bidreg til å styrkje fellesskapet og utviklinga i Florø.
Net Partner finn du i Strandgata, ta gjerne turen innom dei!
Tusen takk for at de ønskjer å vere med – og velkomen til fellesskapet i Byen vår Florø!