Kvifor bli medlem i Byen vår Florø?
Gjennom medlemskapet får de ikkje berre synlegheit, de får også konkret støtte til å nå ut med det de gjer.
Vi tilbyr tips og råd i sosiale medium, samt råd om marknadsføring og korleis de best kan nå ut med arrangementa dykkar. Vi kan hjelpe dykk med å marknadsføre arrangementet dykkar for å nå eit større publikum.
- gratis marknadsføring og auka synlegheit gjennom Byen vår Florø
- hjelp til å legge arrangement inn i kommunen sin Friskus-kalender
- tips og råd om sosiale medium
- medlemmane er dei første som får vite om aktuelle saker
- del av eit nettverk som vil skape liv og røre i byen
Som lag eller organisasjon kan de bli medlem for 2000 kroner og bli ein del av eit fellesskap som jobbar for meir liv og aktivitet i Florø sentrum.
Send oss ein epost på [email protected] og vi vil sende dykk meir informasjon.
Kva skjer fram til sommaren:
25.april – Barnas dag – ta kontakt om du vil bidra med aktivitet!
29.mai – Kulturnatt – vil du bidra med sang, musikk, kunst eller anna kultur? Ta kontakt!
6.juni – Den store Hagedagen – vil du bidra? Ta kontakt!
13.juni – Pride – vil du vere med i paraden? Send oss gjerne ein epost!
Frå 29. mai til 19. juli blir det sett opp telt på torget i samband med fotball-VM, arrangert av HO Management. Her kan du sjå dei fleste kampane, og det blir også arrangert konsertar.
Når teltet ikkje er i bruk, kan lag og organisasjonar låne det til eigne aktivitetar. Ta kontakt med oss på [email protected] for meir informasjon!
Dette er berre aktiviteten fram til sommaren, meir vil komme og det blir fleire aktivitetar utover hausten. Vi planlegg mellom anna ein god gammaldags julemarknad helgene før jul. For å halde oppe denne aktiviteten treng vi ein god økonomi og håpar no at lag og organisasjonar kan sjå nytta av å bli medlem og å halde liv i Byen vår Florø!
Bli medlem – og bli med på å skape ein endå meir levande by!
