No kan du som privatperson bli medlem i Byen vår Florø!

No kan du som privatperson bli medlem i Byen vår Florø!

No har vi lagt bak oss Historiske dagar. Var du ein av dei som var med på eit eller fleire av arrangementa? Eller var du ein av dei som ikkje fekk plass? Vil du ha fleire slike arrangement framover? No kan du som privatperson bli medlem i foreininga vår!

Florø er meir enn ein stad; det er heimstaden vår, møteplassen vår og byen vi er stolte av. Gjennom Byen vår Florø arbeider vi for å skape aktivitetar, arrangement og opplevingar som gir liv i sentrum og gode stunder for både små og store.

Men vi klarer det ikkje åleine. Vi treng engasjerte folk som vil vere med og løfte byen vår vidare.

Ved å bli medlem støttar du arbeidet med å skape fleire møteplassar, meir aktivitet og eit levande sentrum. Saman kan vi utvikle Florø til ein endå betre stad å bu, besøke og vere ein del av.

Som privatperson kan du bli medlem for berre 200 kroner. Vipps til #689259 og legg ved e-postadressa di – så held vi deg oppdatert på alt som skjer i byen. Send oss gjerne ein epost til [email protected] om det er noko du lurer på!

Bli medlem – og bli med på å skape meir liv i Byen vår Florø.