REKO-ringen

REKO-ringen er ein enkel og gratis salskanal for lokalmatprodusentar og mathandverkarar. REKO-ringen fungerer som ei direkte kontaktflate mellom produsent og forbrukar, utan mellomledd.

Produsentane sel berre eigne produkt og møter kundane ansikt til ansikt. Dette gir betre lønnsemd, større kundekrins og meir synleggjering, samstundes som lokal mat blir lettare tilgjengeleg. REKO-ringar kan bidra til å halde oppe produksjon på mindre gardar.

Einaste kravet for å vere ein REKO-ring er at produsentane sel eigne varer, følgjer reglar for matsikkerheit og skatt, og er villige til å informere kundane om produksjonen sin.

Slik fungerer det:
Produsentar legg ut salsannonsar i ei felles Facebook-gruppe. Kundane førehandbestiller ved å kommentere innlegga. Varene blir henta på ein fast stad til avtalt tid, vanlegvis på kveldstid, og utleveringa er rask og effektiv.

For Florø gjeld parkeringsplassen ved Rema1000 på Evja torsdag kl. 16.30 – 17.00. Meld deg inn i facebookgruppa deira og følg med kva veker dei er i Florø.

REKO-ringane blir drivne av frivillige administratorar som held orden på gruppa og utleveringstidspunkta.