Ting å gjere i Florø

Ting å gjere i Florø

Det er framleis eit snev av sommar og kva kan du gjere viss du har ein dag i Florø?

1. Gå frå sentrum til Sørstrand. Ta deg ein forfriskande dukkert, eller nyt ein kopp kaffi og ein nysteikt vaffel på kafeen.

    2. Ta rutebåten ut til Kinn. Sommarruta med avgang kl. 11.35 går fram til 14. august. På Kinn er kyrkja open med vertskap ut august. Du kan òg ta turen vidare til ei av dei mange unike øyane langs kysten vår.

    3. Kulturvandring i Florø sentrum. Last ned appen Roadspot og bli med på kulturvandringa som startar ved turistinformasjonen. Turen tek om lag ein time og gir deg eit innblikk i historia og kulturen til kystbyen Florø.

    4. Besøke Kystmuseet. Opplev historia om kysten og livet langs havet gjennom spanande utstillingar. Ut august er Kystmuseet ope tysdag til søndag kl. 11.00–17.00. 

    5. Besøk ein av kafeane i sentrum. Ta ein pause og nyt ein kopp kaffi og noko godt å ete i hyggelege omgjevnader.

    6. Ta turen innom biblioteket. Finn ei god bok, slapp av i rolege omgjevnader eller ta ein liten pause midt i sentrum.

    7. Gå opp til utsiktspunktet på Litleåsen, eller fortsett til Storåsen for ei endå flottare utsikt over Florø, øyane og havet.

    8. Besøk Jotunet. Opplev kunstnarheimen til Bjørn Hegranes og få eit innblikk i livet og kunsten hans. Besøket må bestillast på førehand. 

    9. Ta turen innom butikkane i Strandgata. Oppdag dei unike butikkane i hjartet av Florø, med alt frå lokale spesialitetar og interiør til klede, gåver og mykje meir.

    10. Gå turen til Brandsøyåsen og nyt den flottaste utsikta over Florø, skjergarden og havet. Turen frå sentrum tek om lag to timar.

    11. Besøk ein av restaurantane våre. Nyt ein god middag med lokale smakar, enten saman med gode vener eller som ei hyggeleg avslutning på dagen.

    12. Få med deg eit kulturarrangement. Gå på konsert på Vesle Kinn, ta ein kinotur eller opplev ein av dei mange konsertane og arrangementa som blir arrangerte i Florø.

    13. Ta kveldsruta nord/vest. Bli med på avgangen kl. 20.00 og nyt ein vakker båttur gjennom øyriket. Rundturen tek om lag to timar. 

    14. Ta turen til Havreneståa. Opplev den vakre solnedgangen over havet frå eit av dei finaste utsiktspunkta i Florø.

    15. Det er framleis mogleg å melde seg på Trimpoeng. Med kort vei frå sentrum finn du totalt 14 poeng. Konkurransen varer ut august. Du kan også bli med på Flora Turlag sine turar som går gjennom heile sommaren. 

    16. Lån utstyr hos BUA. Treng du sykkel eller anna utstyr til turen? Ta turen innom BUA og lån det du treng.