Våt Moro 2026

Våt Moro 2026

Bli med på Våt Moro 9.-12. juli 2026!

Foto: Fanny Feragen Solheim

Tradisjonen tru blir det både vått og moro den andre helga i juli, når Våt Moro riggar seg til i Florevika. Manges favoritt, barneparken, er sjølvsagt på programmet og maskoten Krokofanten ser fram til å dele ut tusenvis av is i strålande sol!

– Vi riggar til gratis barnepark i tillegg til ei mengde aktivitetar på kaia vest for Amfi, så her blir noko for alle aldrar. Programmet og billettane til desse blir slept 15. juni, seier festivalsjef Frank Robert Klakegg.

Vi introduserer også ei spennande og skummel nyheit, nemleg Escape Bus. Det er eit spesialbygd, mobilt escape room der ein får oppleve eit adrenalinfylt rømningsforsøk ved hjelp av kreativitet og samarbeid. Perfekt for vener og familiar som ønsker noko å bryne seg på.

På kveldstid blir det skikkeleg sommarstemning og topp energi i festivalteltet på torget, teltet som også VM-festen og Byen vår Florø nyttar gjennom heile sommaren til sine arrangement.

Foto: Fanny Feragen Solheim

– AfterSea handlar om å samle folk i Florø til gode sommarkveldar med musikk og fellesskap. Ein møteplass der det er lett å bli med uansett om du kjem for quizen, konserten eller berre stemninga, seier marknadsansvarleg Christian Hope.

Fredag blir det Quizolini med spørsmål du truleg kan svare på om du følgde litt med på skulen og har eit lite blikk på verda. Gjennom kvelden blir det ekstra utfordringar, shoutouts og premiar til vinnarane. Det er maks 6 personar per lag, så her er det berre å samle gjengen og bli med. Det er også mogleg å vere med på vors i lag med Flora U40.

Seinare same kveld kjem Vidar Villa med fullt band til Florø. I år markerer han 10-årsjubileum, og med snart 300 millionar Spotify-streams, 21 gulltrofé og 10 platina-trofé i bagasjen kan ein trygt seie han er ei hitmaskin. Publikum kan vente seg låtar som «One Night Stand», «Sjalu», «Moren din» og «Den Samme Jævla Sangen», med allsang og fullt trøkk frå første refreng.

Laurdag gir vi full gass med Verdas Aller Beste Fest. Go’gjengen i Demokratisk Dansegulv er tilbake med ein ny vri på suksessen frå dei to føregåande åra, og lovar karaoke, bingo, konkurransar og dansegolv, med garantert god kok i teltet.

Foto: Fanny Feragen Solheim