Vi synker – men ikke i natt!

Vi synker – men ikke i natt!

Med ei mor frå Norddalsfjorden og halve slekta i salen var Torgeir Higraff verkeleg på heimebane på Vesle Kinn i går kveld. Resten av publikum delte dei same draumane som Higraff sjølv: utferdstrang, nysgjerrigheit og lysta til å gjere noko heilt anna enn det kvardagen til vanleg byr på.

Men kvar starta eigentleg desse draumane?
I 1996 reiste Higraff saman med vener i Sør-Amerika. Då han kom til Peru, byrja dei store tankane å ta form. Han ville gå i fotspora til Thor Heyerdahl, eller rettare sagt segle i kjølvatnet hans.

I 2006 bygde han, saman med fleire medhjelparar, balsaflåten Tangaroa, og kryssa Stillehavet til øya Raiatea i Fransk Polynesia. Turen vart akkurat slik ein drøymer om: stille hav, azurblått vatn så langt auga rekk, og ei reise som sette spor. Om denne seglasen kan du lese meir i boka «Tangaroa – havets hersker».

På hundreårsdagen for Thor Heyerdahl sin fødsel kom neste idé: å segle frå Peru til Påskeøya. Etter mindre enn to år med planlegging og bygging av to nye balsaflåtar, var dei i november 2015 klare til avgang. Higraff var sjølvsagt mannskap på ei av flåtane, og livet om bord var enkelt: legg føtene høgt, finn ei god bok og la havet gjere jobben. Turen til Påskeøya gjekk som ein draum.

Men heimturen vart ei heilt anna historie. Vinden stod rett imot, og etter mange veker hadde dei nesten ikkje kome seg austover, berre sørover. Så kom dei store bølgjene, og delar av provianten forsvann over bord. Det som skulle vere ein ny stor ekspedisjon, vart brått langt tøffare enn planlagt.

Reiseruta (lånt av kontiki2.com)

Til slutt måtte dei innsjå at det ikkje fanst noko veg tilbake. Dei måtte be om hjelp. Det næraste skipet var ei veke unna, så det var berre å smøre seg med tolmod. Då den japanske frakteskuta endeleg kom, fekk dei vite at mannskapet frå den andre flåten allereie var blitt redda nokre dagar tidlegare.

Dette var ikkje slutten dei drøymde om, men slik er livet på havet. Og Higraff? Han har slett ikkje gitt opp draumen om nye eventyr.

Fekk du ikkje med deg foredraget på Vesle Kinn?
Då kan du kjøpe boka «Vi synker – men ikke i natt» her på turistinformasjonen. Vi har berre nokre få eksemplar, så det gjeld å vere rask om du treng ei julegåve!

Vi har ope måndag 15.des og tirsdag 16.des 8 – 16, og onsdag 17.des 8 – 12, før vi tek juleferie.