Jul i Byen – Julemarknad i Florø – i Torggata midt i sentrum – 30. nov-3. desember og 7.-10. desember

Jule-oppleving for alle
Byen Vår Florø og Flora kommune ønskjer at julemarknaden i Florø – Jul i Byen – skal vere ei oppleving for heile familien – og for alle sansane! Alle skal finne noko dei gleder seg over; underhaldning, mat, drikke, julegåver, sang og musikk! Du vil finne detaljert info her etterkvart som programmet kjem på plass.

  

På julemarknaden i Torggata vil du finne koselege julebuer med mat og drikke du kan nyte der og då, og flotte handverksprodukt i mange sjangere som passar under juletreet:-)

Alle dagane vil det også vere juleinnslag på marknaden som set deg i julestemning. Vi veit allereie at du får oppleve følgande på marknaden:

  • Julepølseverkstad – sjå og delta i julepølselaging
  • Florø Musikkteater syng og dansar
  • Norsk Hjortesenter parterer hjort og kjem med juletips til hjorteoppskrifter
  • Spikkeverkstad; Kystmuseet lagar spikkeverkstad – barn og vaksne kan lage eigne julegåver
  • Ølbrygging – sjå korleis ein meiskar øl
  • Koret Gnist opptrer
  • Flora kulturskule vil ha fleire innslag
  • Pinnekjøt-«show» med Steinar Svardal
  • Florø Bakeri lagar kakemenn som barn får konditorfarge i Kakemann-kroken
  • Servering av gløgg, vin og øl, bratwurst frå grill og anna godt i juleteltet
  • Filmklubben viser julefilmer i juleteltet
  • Florøjulepakken blir opna
  • Kystnissen og julenissen kjem
  • Kammerkor opptrer
  • Korps og andre musikalske innslag
  • Julestrikke-verkstad
  • Og meir blir det:-)

I tillegg vil Byakvariet har juleverkstad kvar dag for dei minste – med Norges flottaste «materialbuffet» å boltre seg i! Til Byakvariet sin juleverkstad er det påmeldingsavift – du vil finne info på florafauna.no og facebook-sida til Byakvariet Flora Fauna.

Opningstider julemarknaden

  • Fredag 1 desember kl 17.00-20.30
  • Laurdag 2 desember kl 11.00-16.30
  • Søndag 3 desember kl 12.30 – 16.45 (Amfi er open frå 14-18) – julegrana tennast kl 17.00
  • Laurdag 9 desember kl 11.00-16.30
  • Søndag 10 desember kl 12.30 – 18.00 (alle butikkar er søndagsopne 14-18)

 Vi gler oss stort til dette :-)

Kontakt oss for info: Per Øyvind Helle, Byen Vår Florø, 40402905, post@byenfloro.no