Den store hagedagen 2026

I lag med Flora Hagelag inviterer vi til ein inspirerande dag i teltet på torget laurdag 6. juni kl. 10-14!

Denne dagen blir det fokus på hageglede, dyrking og gode tips for både store og små 🌼

🌿 Bjarne Melvær kjem og fortel litt om biokull, og deler ut gratis biokull
🌱 Såkurs for barn
🌿 Planteloppemarknad
☕ Hyggeleg stemning i teltet på torget

Mekk og Europris kjem med eit vareutvalg!

Vi arbeider også med å få med fleire lokale aktørar og innslag gjennom dagen 🌸

Har du lyst til å bidra med noko? Ta gjerne kontakt på [email protected]

Det blir konsert med Florø Storband på torget kl. 13 og Arne og Knut Ingvars spelar på Vesle Kinn kl. 16.30.

Meir informasjon om programmet kjem etter kvart!