Daglegvarebutikkar hjelper deg

Daglegvarebutikkar  hjelper  deg

Du kan få hjelp frå FLORØ FRIVILLIGSENTRAL til praktiske gjeremål som til dømes henting/levering heim av naudsynte varer frå matvarebutikk, apotek og andre praktiske oppgåver du treng hjelp med.
Telefon for praktisk hjelp: 97 99 18 02.

For daglegvarebutikkane gjeld i tillegg følgande om du ikkje kan gå i den fysiske butikken:

EUROSPAR KROKANE – tlf. 57 74 15 12 
Når vi har kapasitet, som kan variere frå dag til dag, tilbyr vi å handle og pakke varer ferdig for deg som du kan hente og betale. Vi kan diverre ikkje levere heim til deg. Har ikkje vipps og kan ikkje sende ut faktura.

SPAR FLORØ – tlf. 57 75 04 23
Onsdagar og fredagar har vi utkjøring av varer til øyane. Men du må bestille varene sjølv. Fredagar har vi utkøyring for folk i Florø, men folk må handle sjølv fordi dei ikkje har vipps eller kan sende faktura.

COOP MARKED FLORØ –  tlf. 57 74 14 88
Vi tar bestilling og leverer til dei som bur i øyane. Kan få kapasitetsproblem med å levere på kaia, så ta kontakt med frivilligsentralen dersom du treng hjelp.

COOP EXTRA FLORØ – tlf. 57 74 86 20
Tar ikkje mot bestilling. Følger sentrale retningslinjer frå Coop.

KIWI FLORØ – tlf. 57 74 09 08
Tar ikkje imot bestilling. Følger sentrale retningslinjer frå Kiwi.

REMA 1000 AMFI FLORØ – tlf. 57 74 28 60
Kan bestille varer, som må betalast og hentast i butikk. Bruk e-post på bestilling: amfifloro@rema.no

BUNNPRIS HAVRENESET – tlf. 57 74 15 55
Du kan kontakte oss og bestille varer. Vi everer og bringer varer måndag til fredag. Bestill helst via e-post til: bphavreneset@bunnpris.no eller ring 57 74 15 55.

SPAR EIKEFJORD – tlf. 57 74 47 16
Du kan bestille varer hos oss, og på torsdagar kan vi levere heim eldre i Eikefjord-området.