Næring

Næring

Floraværingane har alltid vore full av pågangsmot og kreativitet, og har stor sjølstendig gjennomføringskraft. Næringslivet i Flora er framtidsretta og variert, og vi har evna til rask endring, nyvinning og tilpassing.

Etablere bedrift i Florø

Aksello er Flora kommune sitt næringsselskap. Kontakt gjerne dagleg leiar Lone M Bareksten om du er interessert i informasjon om korleis du kan etablere bedrift, næringstomter eller anna næringsareal. Informasjon finn du på aksello.no

Flora Industri- og Næringsforening

I Flora Industri og Næringsforening (FIN) finn du dei fleste små og store bedriftene i Florø. FIN arbeider for industriutvikling, næringsutvikling og innovasjon i kommunen. FIN skal vere ein møtestad for utveksling av erfaringar og nye idear. Ta kontakt med leiar Bjørn Hollevik om du ønskjer meir informasjon om korleis det er å drive bedrift i Florø og Flora.

På nettsida florain.no finn du ei oversikt over mange bedrifter i Flora.