Om Florø
Florø er Norges vestlegaste by, plassert heilt ytst mot storhavet. Her møtest småbyliv og kystkultur i ei avslappa og open atmosfære. Byen har eit levande sentrum med koselege kafear, lokale butikkar og ei god blanding av aktivitetar som gjer det hyggeleg å vere både innbyggjar og besøkjande.
Naturen ligg tett på uansett kvar du vender deg. Frå øyar til fjelltoppar ligg alt nærme. Det gir gode moglegheiter for friluftsliv, ro, utforsking og fine opplevingar året rundt. Florø er også eit viktig knutepunkt for næringslivet langs kysten, med arbeidsplassar som betyr mykje for heile regionen.
Her får du det beste av kyst, fjord og fjell samla på éin plass.
Enten du vurderer å busette deg her, jobbe her eller berre vil utforske byen og naturen rundt, håpar vi Florø gir deg kjensla av å vere velkomen – og av å høyre til.
På fjordkysten.no finn du eit hav av inspirasjon – frå skjulte perler langs kysten til majestetiske fjelltoppar, unike opplevingar og gode tips til kva du kan sjå og gjere.
Ta turen inn og la deg freiste av alt det vakre Fjordkysten har å by på!