Opprett organisasjon og arrangement på florø.no!

Opprett  organisasjon  og  arrangement  på  florø.no!

Florø.no skal bli den viktigaste inngangsportalen til Flora-samfunnet. Her finn du m.a ein felles arrangementskalender for kulturlivet i Flora. Derfor er det viktig at du registrerer din frivillege organisasjon og dine arrangement! Både sider og arrangement er naturlegvis heilt gratis å legge inn.

1 • Slik registerer du deg

Rull ned her på framsida til du ser boksen med tittelen «Medlem». Vel «Registrer brukar» og fyll inn brukarnamn (unngå æ, ø eller å – og ikkje bruk mellomrom!) og e-postadresse. Skriv inn tal og bokstavar som blir vist i boksen som kjem opp, og trykk «Ja, eg vil bli medlem».

OBS! Det er i utgangspunktet lagt opp til at enkeltpersonar kan administrere fleire organisasjonar, men dersom det er fleire enn ein person frå din organisasjon som har tilgang til e-postadressa du registrerer, rår vi til at ein registrerer eit overordna brukarnamn for organisasjonen slik at fleire kan logge inn og gjere endringar.

På florø.no kan du kan legge inn logo, informasjon, bilete og kontaktinformasjon. Vi vil også oppfordre til å bruke kalendaren aktivt og legge inn arrangement som de skal ha i løpet av året.

2 • Innlogging

Kort tid etter du har trykka «Ja, eg vil bli medlem» mottar du ein e-post med link til å velje eige passord. Hugs å lagre passordet ditt på ein trygg plass! Når det er gjort kan du logge inn med brukarnamn og passord. Du oppdaterer så profilen din med relevant info (namnet ditt, kontaktinfo og evt nettside) og trykker så «Oppdater profil». No er du klar til å opprette informasjon om organisasjonen(e) din(e).

3 • Opprette organisasjon

Trykk «Organisasjon» i den mørke menylinja øvst på sida. Vel «Organisasjonar» og «Legg til ny». Legg inn namn, eventuell logo, utfyllande tekst og eventuelle bilete for bedrifta/organisasjonen. Du kan leggje inn bilete i teksten via «Legg til medium»-knappen øvst på sida, men vi rår deg til å nytte bildegalleri-funksjonen i botnen av sida dersom de skal legge inn fleire bilete som t.d. viser kva de driv med.

Du MÅ krysse av for minst ein hovudkategori (i kolonna til høgre på sida), og du MÅ krysse av for minst ein underkategori på dei hovudkategoriane som har underkategori ((i tilfellet «Fritid og Opplevingar» er underkategoriane: Kultur – Kunst – Barn og unge – Festival – Idrett – Fritidsliv)

Du kan no publisere sida di.

Du kan legge inn så mange frivillege organisasjonar du ønskjer (som du har info-ansvar for).

4 • Legge inn arrangement

For å legge inn arrangement, vel «Arrangement» i den mørke menylinja. Vel så «Legg til» og legg inn nødvendig informasjon. Du er med på å forme innhaldet i gratistenesta florø.no, så vi oppfordrar deg til å leggje inn alle arrangement du/organisasjonen din har i løpet av året.