Kinn Bryggeri

Kontakt

Adresse

Bjørndalvegen 30, Florø

GPS

61.599222386147, 5.0767635845618

Telefon

Web

I 2009 blei Kinn Bryggeri grunnlagt av heimebryggjar og lektor i biologi, Espen Lothe. Kinn Bryggeri med sine 14 tilsette er i dag eit av de leiande handverksbryggeria i Noreg. Særpreget til Kinn kjem frå gamle produksjonsteknikkar med open gjæring og inga pasteurisering eller filtrering. Ein heilskapleg profil frå produkt til flaske og design har gjort Kinn til ei sterk merkevare.

Kinn har rundt 20 faste produkt og i tillegg ei rekke sesongbaserte produkt. Mat og handverksøl i kombinasjon har hele tida vore Kinn sitt fokus.

I tillegg til produksjonen på hovudanlegget i Bjørndalvegen, starta dei sommeren 2016 opp igjen i det gamle bryggerilokalet i sentrum av Florø, der dei no driv i mindre skala med utprøving av nye oppskrifter og ingrediensar, modning på franske eiketønner og mykje anna spanande.


Her finn du oss