Fritid og opplevingar

Fritid og opplevingar

Florø og Flora kommune er bokstaveleg talt eit naturleg eldorado for fritidsaktivitetar – både organiserte og uorganiserte opplevingar: Frå festivalar til golf, kortreist mat og storslåtte maritime opplevingar! Kultur, idrett og fritidsaktivitetar skapar liv i livet ditt!

I dei over 100 lag og foreiningane i Flora er det mange engasjerte sjeler som brenn for det dei held på med, og sørgjer for eit variert og rikt tilbod til deg. Under har vi lista opp nokre av dei, og fleire vil komme til i tida framover. Vi håpar du involverer deg i og har glede av det rike kultur- og fritidslivet i Flora!