Handel og tenester

Handel og tenester

Florø er Norges vestlegaste by, og ein særs triveleg ein! I byen finn du mellom anna eit stort kjøpesenter og ikkje minst den trivelege bygata vår, Strandgata, som byr på ustressa handel og opplevingar.

Under finn du ei oversikt over mange av butikkane som er medlem i foreininga Byen vår Florø. Du finn også nokre av medlemmene som tilbyr andre tenester. 

Byen Vår Florø er ei frivilleg foreining som mellom anna jobbar med utvikling og gjennomføring av store og små aktivitetar og arrangement i Florø sentrum. Street art, bedriftsmeisterskap i leik og smaksfestivalen Godt i Gapet viser spennvidda av kva vi gjer for å skape trivsel. Ring gjerne og snakk med oss – om alt eigentleg!