Personvernerklæring

Når du som brukar besøker nettsidene våre, www.florø.no/www.floro.no, etterlèt du deg elektroniske spor. Spora blir danna fordi nettlesaren din automatisk sender ei rekke opplysningar til serverane våre kvar gong du ber om å få vist ei side. Desse opplysningane blir ikkje brukte til å identifisere deg som enkeltperson.

Innsending av data via skjemaa på www.florø.no/www.floro.no er sikra gjennom kryptering. Mottatt informasjon frå innsende skjema blir brukt slik at vi kan behandle førespurnaden din, både gjennom den krypterte nettbaserte løysinga vår og gjennom kryptert e-post.

Om florø.no

Behandlingsansvarleg for nettstaden:
Byen Vår Florø
Strandgata 30
6905 Florø

Org.nr. 996 314 898
Tlf.: 41 68 98 20
E-post: [email protected]

Leverandør av teknisk løysing (databehandlar):
Digithings AS
Mølleparken 4, 0459 Oslo
Org.nr. 930 024 864
Tlf.: 464 10 741
E-post: [email protected]

Nettstaden er bygd i publiseringsløysinga WordPress.

Behandlingsgrunnlag og rettane dine

Vi behandlar personopplysningar i tråd med personopplysningslova og EUs personvernforordning (GDPR). Behandlingsgrunnlaget vårt er rettkomen interesse / oppfylling av førespurnaden din (GDPR art. 6 nr. 1 b og f) når du sender oss skjema eller e-post.

Du har rett til innsyn i kva for opplysningar vi behandlar om deg, rett til å få retta eller sletta opplysningar, rett til å avgrense eller protestere mot behandlinga, og rett til dataportabilitet. Du kan når som helst trekke tilbake eit samtykke du har gitt. Førespurnader rettar du til [email protected].

Meiner du at vi behandlar personopplysningar i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet. Kontaktinformasjon finn du på www.datatilsynet.no.

Kryptering

Av tryggingsomsyn og for å verne overføringa av sensitive data frå deg som brukar til serverane våre, bruker nettsida SSL/TLS. Det tyder at alle data som blir sende via nettsida, ikkje er lesbare for andre. Du kan sjå at sambandet er kryptert ved at adresselinja startar med https:// og at hengelåsen blir vist i adressefeltet.

Besøksstatistikk (Matomo)

For å forstå korleis nettsida blir brukt, og for løpande å kunne forbetre innhaldet, bruker vi Matomo til besøksstatistikk. Matomo er ei open kjeldekode-løysing som vi driftar på eigne serverar (sjølvhosta). Det tyder at all statistikk blir lagra hos oss, og at dataa ikkje blir delte med tredjepartar eller overførte ut av EU/EØS.

Matomo er hos oss konfigurert utan informasjonskapslar, og samlar berre inn opplysningar i anonymisert og aggregert form, slik som kva for sider som blir besøkte, omtrentleg geografisk plassering, nettlesartype og kva side besøkande kom frå. IP-adressa blir anonymisert, og du kan ikkje identifiserast som enkeltperson. Fordi løysinga ikkje set informasjonskapslar eller behandlar personopplysningar som kan knytast til deg, krevst det ikkje samtykke for denne statistikken.

Google Maps

Nettsida bruker Google Maps APIs for å vise kart med stader vi har spesifisert. Når kartet blir vist, kan Google setje informasjonskapslar og behandle opplysningar om deg på sine eigne vilkår. Du finn tenestevilkåra for Google Maps APIs her. Vil du unngå dette, kan du la vere å laste inn kart der det er mogleg, eller blokkere tredjepartskapslar i nettlesaren din.

Informasjonskapslar

Ein informasjonskapsel (på engelsk cookie) er ei lita tekstfil som ein nettstad lagrar på eininga di for å kjenne deg att eller hugse val du har gjort. Nettstaden vår set sjølv ingen informasjonskapslar. Besøksstatistikken vår køyrer utan kapslar, og vi sporar deg ikkje på tvers av nettstader. Det einaste unntaket er innebygde Google Maps-kart, der Google kan setje eigne kapslar når kartet visast (sjå avsnittet om Google Maps over).

Du kan når som helst styre og slette informasjonskapslar via innstillingane i nettlesaren din. Kvar du finn desse, kjem an på kva for nettlesar du bruker.