Laster Arrangementer
  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

« Alle Arrangementer

10. april kl. 19:00 - 19:30

kr425

OratorieSolistene er endeleg turnéklare igjen, og denne gongen kjem vi attende til Vestlandet!

Med oss har vi Duruflé sitt fantastiske requiem, eit knippe av Bruckner sine motettar, 5 flotte songarar og ein organist.
Dette vert ein konsert og eit requiem heilt utanom det vanlege!

Medverkande:
Nora Oleanne Sårheim, sopran
Eva Landro, mezzosopran
Desiree Baraula, mezzosopran
Johan Olsson, tenor
Eilert Taugbøl Hasseldal, baryton
Nigar Gahramanova, orgel

Dei tette klangane og den meditative stilen til Duruflé kjem ekstra tydeleg fram i dette ensembelet.
Med berre fem songarar, kan dei store kontrastane verkeleg få runge, og inspirasjonen frå gregoriansk song kjem klart fram.
Duruflé sitt requiem stod ferdig i 1947. Publikum som fekk høyre det fyrste gongen tolka det som ein hyllest
til offera for krigen som endeleg var over. I dag føl vi krigsherjingar i media, trygt på avstand,
men likevel så altfor nære i høgoppløyselege bilete. Kanskje kan denne musikken nok ein gong få vere ein hyllest til krigsoffer og heltar.

Requiemet varer i ca 40 min. Vi fyller difor resten av konserten med den velkjende
«Locus iste» og andre mindre kjende motettar av Bruckner. Ein flott, a capella kontrast til requiemet.

Billettar selgast på hoopla.no og i døra.
Vi tilbyr spesialpris til korsongarar, ta gjerne kontakt for å få informasjon om korleis du kan bestille «Korvenn»-billett!

Detaljer

Dato:
10. april
Tid
19:00 - 19:30
Kostnad:
kr425
Kategori for Arrangement:
Hjemmeside:
https://oratoriesolistene.hoopla.no/event/2269527614

Sted

Florø Kyrkje
Hans Blomgt 1
Florø,6900Norge
+ Google-kart