Laster Arrangementer
  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

« Alle Arrangementer

Rooftops & Satellites

10. februar kl. 20:00 - 21:30

Tenk deg et HGVM der feks Todd Rundgren, Cheap Trick, Bowie og Meat Loaf tolkar kvarande sine deep cuts. Kanskje Knopfler eller Fagen også stikk innom?
Ein alkoholdriven kveld, utan tabloide tårer, men med nok livstrøytt sarkasme til å drive eit privatfly. Eller i allefall ein liten yacht.

Røyken og melankolien ligg tjukk mellom lavalampene og blir broten kun av sporadisk hytting med neven i høve radioprogrammering, autotuneartistar og andre teikn på sivilisasjonen sin undergang.

Dette er filmatisk, tilbakeskuande poprock dandert med analoge synthar, varme gitarar, og trommer som er solid planta i et 70-80-talls sound. Små drypp av westcoast og prog er det også.

Odd Einar Nordheim og Terje Kjørlaug spelar ein akustisk konsert på Vesle Kinn, med bl.a låtar frå debutalbumet «Last Chance Diner» og andre låtar vi likar.

Velkommen!

Arrangørar: Vesle Kinn, Florø Rockeklubb og Rooftops & Satellites

Sted

Vesle Kinn
Strandgata 28
Florø,6905Norge
+ Google-kart