Barnas dag 2023

Barnas dag 2023

Velkommen til Barnas dag – eit nytt arrangement fra Byen Vår Florø, i samarbeid med mellom anna Amfi Florø og Florø Brannvesen.

Det vert gågate i Strandgata denne lørdagen (frå Byens lille Kjøpesenter til Trovikbakken), og diverse kjekke aktivitetar retta mot barn og barnefamiliar 🍧

Program

Kl. 10:00 – 15:00: Rebusjakt i Strandgata

Du kan løyse rebus i Strandgata! Finn du alle dei 12 fantus-bamsane vi har gøymt, får du ein gratis is på Kafe Kandis på AMFI FLORØ.

Kupong til rebusen kan du hente hos: Harmonia, Trudes Hudpleie, Chill, Bare Barn eller AERLY.

Frå kl. 10:00: Redningsselskapet på Trovikkaia

Bli med i livredningsbøye-konkurranse! Det blir også redningsvest-konkurranse med diplom for dei små. Redningsselskapet har med seg Elias-båten (på land denne gongen), men det er fullt mulig å ta ein tur ombord sjølv om Elias står på land.

Frå kl. 10:00: Superkul tattoo hos «Ink by Reiakvam»

Her kan borna få ein superkul tatovering (denne går sjølvsagt vekk i vask) hos Ink By Reiakvam
i Skridsholgata 1. Stikk innom og få deg ein superkul sleeve! Så langt lageret rekk.

Kl. 11:00 – 14:00: Soldalen besøksgård ved Amfi Florø

Treff mange av dei fine dyra frå Soldalen på vestsida av Amfi Florø. Nokre av dyra du kan sjå er mellom anna kaninar, høner, ponni og hest. Dei blir nok glad om du kjem for å helse på dei.

Kl. 11:00 – 13:00: Hinderløype i Strandgata

Bli med maskoten frå Spenst på hinderløype i Strandgata.

Kl. 11:00 – 13:00: Brannvesenet på Jens Helmers plass

Liften til Kinn brann og redning kjem til Jens Helmers Plass (framsida av AMFI Florø). Kor høgt opp tør du å vere med?

Kl. 11:00 – 13:30: Besøk redningsskøyta

Ope på redningsskøyta på Kolkaia. Alle er velkomne om bord!

Kl. 11:00 – 14:00: Ansiktsmåling

Gratis ansiktsmåling for alle barn i andre etasje på AMFI Florø.

Frå kl. 12:00: Fjordane Friluftsråd i Strandgata

Fjordane Friluftsråd har med seg ei spanande naturkasse og inviterer store og små til å delta i ein sorteringskonkurranse! Kanskje borna som dei som er aller best på sortering i Florø?

Kl. 15:00: Gratis kino

Vi avsluttar Barnas Dag med GRATIS kino, i regi av Florø Frivilligsentral. Det er animasjonsfilmen Super Mario Bros som blir vist, aldersgrense 6 år. Varighet: 1 t 32 min. Hugs å møte i god tid for å få plass. Om det blir fullt er det førstemann til mølla som gjeld.

Ha ein finfin laurdag i byen vår!